|
Av Vilhelm Gravdal - Måndag den 11 juli 2016 kl. 01.52
|
Har ein del opplysningar om etterkomarane til Carl Isaksson Bön / Böhn frå Hede. I kyrkjebøker for Hede finn ein at han var fødd 29/4 1852 og mora var Ingeborg Svensdotter Böhn (Röd, Krokstad)fødd 1.10.1822. Ho er oppgitt å vera dotter til Sven Olsen Ferdig. Men faren finn eg ingen opplysningar om her. Carl Isaksson fekk sonen Carl Albin (29/6 1875- 14/7 1895) med ei Amalia Svensdotter. Det ser ut som han vart skild frå henne, og Carl flytta til Noreg i 1877 og skreiv seg for Karl Isaksen. Han flytte frå Kongsberg til Botne i Vestfold i 1880. Link nr 11 1882. I 1882 fekk han sin første son av i alt 10 born med si norske kone, Maren Olava Andersdtr. Enne (Solberg)i Botne. link til diskusjon i DIS-Norge I kyrkjebok for Botne er det opplyst i samband med giftarmålet med Maren Olava 1883 no 2 at han var frå Heide/Hede Sockn i Bohus Län, og at far hans var Isak Svendsen Bøe. Dette er tydelegvis ei fornorsking av det svenske namnet, truleg Isak/Isaak/Isac Svensson /Swensson Böhn/Bön. Kan nokon hjelpa med å finna opplysningar om denne personen, eller kven som eigentleg var far til Carl Isaksson f. 29/4 1852? Vilhelm Gravdal
|
|
|
|
|